17. mai 2009

Hurra for 17. mai!

Gratulerer med dagen, Norge!

Her oppe på nordvestlandet har sola smilt i heile dag. Nasjonaldagen vart feira i Eidsbygda- for Torbjørn sin del for første gong, og for min del for første gong på åtte år. Koseleg feiring, og ei fin avslutning på ei langhelg heime. Avspasering er ei fantastisk oppfinning! Vi har også fått med oss to fine fjellturar- til Lerheimskollen og Kvitfjellet, og reiste tilbake til Ålesund med litt farge (Torbjørn), nye fregner (Kari), stive lårmusklar og lukta av lyng og fjell friskt i minne.


Det var vel på tide med ei lita oppdatering her… Mykje har skjedd sidan sist. Vi har hatt litt meir fri så langt i vår enn vi hadde i haust, og det er ganske godt. Vi har vore i Trondheim, mellom anna har eg vore på koseleg utdrikkingslag med mange kjende. I slutten av mars opna det seg uante turmoglegheiter då vi plutseleg fekk friveke samtidig. (Vi har vel brukt opp flaksen for ei stund…) I løpet av nokre dagar var fly og hotell bestilt, og vips- så skulle vi til New York. Vi vart kjempeimponerte- for ein fantastisk by! Med guidebok, bykart og speglrefleks gjekk vi frå det eine kjende landemerket til det andre. Manhattan er ei lita verd i seg sjølv. Døgnville som vi var då vi kom, vakna vi grytidleg, og slapp ein del køståing. Vi starta med å ta byen i augesyn frå 86. og 102. etasje i Empire State Building. Tårnet stod ferdig i 1931, etter 1 år og 45 dagar med bygging, og til 9 millionar dollar under budsjett. Så gjekk det slag i slag, med Flatiron Building, Ground Zero, Wall Street, Brooklyn Bridge, Ellis Island og Statue of Liberty. Av New York sine mange museum valde vi ut American Museum of National History (med ordentlege dinosaurskjelett!) og the Metropolitan Museum of Art. Vi prioriterte også å få med oss litt kvalitetssport, og såg New York Knicks bli slått av Los Angeles Clippers i Madison Square Garden. Følte dette var skikkeleg amerikansk, med heiagjeng-jenter og frieri på storskjerm i pausen (ho sa ja, men det tok flaut lang tid!). Og så gjorde vi sjølvsagt nokre kupp på shoppingfronten!

Påska starta med jobbing for oss begge, det var difor eit litt slite vertsskap som tok imot Frøydis og Tommy som kom heim på påskeferie. Vi fekk likevel vist fram litt av Ålesund, spela Wii og andre brettspel og ete mykje godteri. For å bøte litt på samvitet tok vi ein runde squash, og vart kjende med musklar vi hadde gløymt at vi hadde… Jammen varta ikkje besøket også opp med flott middag som stod klar då vi kom heim frå jobb! Så vart det sørlandspåske, og besøk i Romsdalen helga etter.

Førre helg fekk vi sørlandske gjester. Foreldra til Torbjørn hadde planlagt å komme hit i haust, men vart stoppa av at det bles 50 knop på tvers av rullebana på Vigra. Denne helga kom dei seg heldigvis fram. Sjølv om Sunnmøre ikkje viste seg frå den beste kanten, fekk vi ein fin tur innover Geirangerfjorden, og vi besøkte dei forelska pingvinane i Atlanterhavsparken.

Sommarferiebrikkane begynner å falle på plass- og vi gler oss! Vi skal halde oss i vakre Norge, og håpar å treffe mange av dykk!

27. januar 2009

1/2-år


I går var det 6 månader sidan vi sa JA, og eg er strålande fornøgd med mannen min! Det er veldig kjekt å vere gift! Vi har mange flotte minne å sjå tilbake på det første halve året. Bileta er sorterte (tusen takk til alle som sendte oss kopiar!), vi har fått fotografbileta i rammer og har vore på ei kjempeflott bryllupsreise! Serviset og glassa er fint oppstilt i glasskap på kjøkkenet, ved sidan av laservateren, som Torbjørn sette dit for å skape litt ”maskulin motvekt”. Vi har fått kunst på veggen, og har fine ting å pynte med. I det heile har vi fått ein ”skikkeleg” heim! Det vi har gløymd å få gjort er å gravere ringane, men det står på plakaten for veka som kjem.

Vi rakk så vidt komme att frå bryllupsreisa, før nye fridagar stod for tur. Jula vart feira i Flekkefjord, saman med Torbjørn sin familie. Sjølvsagt litt rart å vere ”heimefrå” for første gong for min del, men det var veldig koseleg å vere med svigerfamilie også! Endå eg har influensavaksinert meg for første gong i år, vart eg sjuk rett før jul, og hadde feber heile jula. Med Paracet x 3-4 var eg rimeleg oppegåande og fekk ei fin feiring likevel. God mat, stor gåvehaug og besøk av nissen gjorde både små og store fornøgde med kvelden. Så bar det til nordvestlandet att, med litt jobbing i romjula, før eg gjorde mitt beste for å hoste nokre basseluskar over på Ingeborg og Steffen på nyttårsaften. Derifrå reiste vi (nesten) uanmeldt ein tur til Norvika, så fekk vi sett dei ogsåJ

Kalenderen viser endå vinter, men synest ikkje det er så mykje som minner om det her i Ålesund. I helga var det nydeleg solskin, så eg børsta støv av sykkelen, pumpa opp dekka og tok meg ein ettermiddagstur medan Torbjørn var på jobb. Vart litt kald i kinna, men det var nydeleg!

Snart har vi bodd her i byen eit halvt år, og eg er snart halvvegs i turnus. Oppdaga nettopp at eg hadde ei friveke som eg ikkje visste om, og vi var så heldige at det var samme veka som Torbjørn har avspasering. Det opnar for nye oppdagingsreiser…

15. desember 2008

Maldives- the sunny side of life

Måndag 08.12 forlot vi regnvåte Kuala Lumpur, og Malaysia Airlines tok oss med til paradis. Det er på mange måtar dette som er bryllupsreisa med stor B. Vi landa klokka ni på kvelden, og vart møtt av 28 varmegrader og ein smilande og sveitt ansatt frå Atoll Paradise. Kurumba ligg berre ein liten båttur unna flyplassen. Etter innsjekk og velkomstdrink, vart vi transportert i golfbil til beach bungalowen vår. Då vi kom fram viste deg seg at den slett ikkje låg på stranda… Inne var senga dekorert med blomster og ”Happy honeymoon”, og i badekaret var det fullt av blomsterblad.

Ved hjelp av ein velvillig ansatt, våre vakre smil og grov tipsing fekk vi bytta til ein bungalow som faktisk låg på stranda dagen etter. Frå verandaen til vatnet er det kanskje fem meter, så no sovnar vi til bølgeskvulp. Vi har fint bad med dusj både inne og ute, og verandaen vender ned mot sjøen. Utanfor er det palmer,og kokosnøttene som dett ned får vi hjelp til å opne (dristig mann med machete, usikker på kva arbeidstilsynet ville sagt…).

Kurumba
Maldivene består av 1192 små øyer og mykje hav! Faktisk utgjer øyene berre 4 % av det totale arealet... Kurumba var den første øya på Maldivene som opna for turisme, i 1972. No er det turistar frå mange verdenshjørner her, og det er tydelegvis eit populært feriemål for Russland. (Informasjon er fleire stader gitt både i engelsk og russisk.) Mange godt vaksne russiske menn med ganske mykje yngre koner. På øya er det vatnsportsenter, treningssenter, spa (som er avsindig dyrt!), ”orchid nursery” og små butikkar med overprisa solkrem, aftersun med lidokain og snorkleutstyr. Det er mange små restaurantar, slik at vi kan velge ulik mat kvar kveld. Vi er foreløpig mest imponert over den italienske og den kinesiske. Sidan vi er på bryllupsreise fekk vi ein treretters stearinlysmiddag ”på stranda”, det vil seie rett utanfor den eine restauranten, men med sand under føttene.

Haisommar
Dagane her er fylte med sol- sterk sol! Vi er flinke med solkremen (faktor 50 for Kari sin del), men har likevel eit solbrent øre og enkelte raude flekkar her og der. Vatnet er klårt, med kvit sandbotn, så vi har snorkla nesten kvar dag. Det er utruleg mykje fisk her, i mange flotte fargar! Nokre av dei går tett opp mot land, men dei fleste er å finne ute på reva. Vi var så heldige å få låne (tipsing igjen) det digitale undervatnkameraet til han som leide oss snorkleutstyr, så vi fekk foreviga opplevingane. Forøvrig vart det mindre tipsing etter kvart, sidan vi ikkje tok med oss så mykje kontantar, og øya ikkje har minibank. Dei sedlane vi hadde med oss har fått bli med på fleire badeturar i shortsen til Torbjørn, saman med to minnekort til kamera. Alt like fint etter tørking... Vi erfarte at sola er ekstra sterk når ein er ute og duppar i overflata, så etter første dag innførte vi t-skjorte for Torbjørn, og heildekkande påkledning for Kari (populært kalla badeburka). Det er også mange småhaiar, som visstnok er vegetarianerar og ikkje er farlege. Litt skummelt å treffe første gong, men seinare har vi sett dei nesten kvar dag. Høgdepunktet var kanskje når vi traff ein litt større slektning ute på revet. Framleis ufarleg (trur vi), men gjer litt større inntrykk når dei byrjar å nærme seg storleiken på ein vaksen person…

Segling
I dag tok vi turen til vatnsportsenteret og leide ein liten katamaranseglbåt med eigen instruktør. Han tok oss med over til ei av naboøyene, og på vegen bort kunne vi snorkle på eit fint korallrev. Vi traff dessverre ingen delfinar, men ei stor skate svømte lenge langs båten før ho hoppa opp i lufta rett foran oss. Det var utruleg deilig å vere nokre timar sjøen også, ikkje berre i.

Jul
Maldivene er eit muslimsk land, men på turistøyene pyntar dei likevel til jul på grunn av alle tilreisande. Og her er det snakk om pynting som kan konkurrere med dei beste av ”overpynterane” heime. Makan til julegloreri har vi ikkje sett. Kvar ein busk inne på hovudområdet av øya er overlessa av lys i ulike fargar, og oppover palmestammene er det surra lyslenker. Det nærmar seg høgsesong her, og det er visst ganske fullt her i jula også. Vi for vår del kjem ikkje i julestemning av dette, og er glade vi skal heim til Norge i jula. I morgon er siste dagen vår her nede, og det er jo litt trist at turen vår går mot slutten. Samtidig skal det bli litt godt å komme heim også. Til kalde Norge, der ein ikkje treng å smøre seg inn med faktor 50 kvar dag…

Her hadde vi tenkt å legge til ein drøss med bilete, men nettet er så treigt her nede, at vi ikkje får lasta dei opp. Skal komme tilbake til det.

6. desember 2008

Bryllupsreise!

(Dei som ventar på bilete må sjå til slutt i innlegget.)

London
Frå temperaturar rundt 0 grader i Ålesund gjekk turen via Gardemoen, og ein pizza med terningkast 2 (poeng for at det foreløpig ikkje har vore teikn til mattoksin) til temperaturar rundt 0 grader i London. Handleturen her var berre delvis vellykka, men vi fekk sjå det som truleg var Mensa-baren, ”The Nags head”. Ellers vart det denne gongen berre eit kortvarig opphald på stamhotellet vårt, The Parkcity. Pluss som alltid for ein fantastisk dusj, og mykje bedre enn ingenting, badekar. Dei markedsfører seg med ”A home away from home”, men etter at vi sjekka ut fann vi ut at dei kanskje heller burde reklamere for ein fantastisk resepsjonsdo med eigne små håndkle ein kan tørke seg med (men vi trur dei berre er meint for hendene).

Reisa vidare
På Heathrow vart vi raskt sendt over til den noko fleirkulturelle terminal 3. Her fekk vi sjå både munkar, burkaer og ein gjeng menneske berre ikledd frottehåndklede. Torbjørn ville melde frottebanden til sikkerheitsvaktene som ein antatt internasjonal ransliga som akkurat hadde raida Londons hotell, før Kari fekk overbevist han om at det truleg dreide seg om eit mer religiøst antrekk. Ellers var vi storfornøgde med å få sjå ekte oljesjeikar på Armanibutikken! Ved gaten var vi med på tre spørreundersøkingar i god tru om at det ville innebere premie, men alle vart berre avslutta med ”Thank you for your time”.

Vårt første møte med asiatisk kultur var vennlege flyvertinner og –vertar som serverte drikke, ”Energy towels” (til å tørke seg i ansiktet med) og kylling med bismak av fisk. Her var det verkeleg service til fingerspissane, og engelske menn på 1,90 blei nekta av små flyvertinner på 1,40 å legge koffertar i hyllene. Dette krever tydelegvis eit eige kurs der ein lærer å balansere på eit eller fleire armlener og løfter koffertar som er nesten større enn seg sjølv. På setet foran fulgte vi reisen på GPS, dette oppholdt Torbjørn store delar av tida. Maksfart låg delvis over 1000 km i timen, til stor begeistring…

Kuala Lumpur
Etter 12 timar i 11000 meters høgd landa vi i Malaysia til solnedgang og klassisk musikk på høgtalarene. Eit døgn i surt engelsk vêr hjalp lite på overgangen til varmen og luftfuktigheita her. Det er som å vere i ei badstu, sveitten silar så snart ein er ute av airconditionen på hotellet. Imidlertid var London ein god og sikker trafikkskule der det alltid står på vegen til kva slags side ein skal sjå, og det er ikkje spesielt intuitivt med venstrekøyring. Trafikken inne i Kuala Lumpur er til dels med livet som innsats. Dei skiftar fil i vill fart, tutar som galne og mopedane køyrer stort sett der dei vil, inkludert på fortau. Trafikklys er veiledande. Etter ein times spennande drosjetur kom vi oss likevel til hotellet for en drøy hundrelapp.

Traders Hotel ligg like ved dei kjende Petronas Towers, har 34 etasjer, svært serviceinnstilt personale, badebasseng, treningsstudio og spa. Og av ein eller annan grunn får vi Chupa Chups på rommet kvar dag(???) Frokosten vert servert i vår eigen Club Lounge som høyrer til dei øvste etasjane. Her får vi nye utfordringar i matvegen, men så langt har vi feiga ut, droppa sushi og gått for det trygge alternativet rundstykke med syltetøy… I tillegg vert det servert det ”afternoon tea” (for oss betyr det gratis bollar og brus) og complimentary evening cocktails. Hotellet stiller også med eigen golfbil som køyrer oss til og frå kjøpesenteret ved Petronas Towers. Dette er toppen av latskap, men faktisk ein behageleg tur når ein har væældig slitne føtter...

Jetlagen satt eit stund i kroppen, så første dagen tok vi det med ro. Først utforska vi Suria KLCC, eit kjøpesenter i botnen av Petronas Towers. Her var det vindusshopping som galdt, sidan det stort sett gjekk i Gucci og Prada (ekte). Så tok vi turen over til Little India, ein fattigare del av byen. Her fekk vi innblikk i siste mote innan fargerike sjal og stoff. Eit kjøpesenter ga oss overdose av vesker, men vi greidde likevel å gjere nokre kupp. Prøvde også å få kjøpt billege fine sko, men det viste seg å vere vanskeleg med skostørrelse flytebrygge. Greidde til slutt å finne to par høghæla ufornuftige sko i hylla med ”Selected odd sizes”. Bukser er derimot heilt umogleg. Fordelen med å vere så høge er jo at det er lett å orientere seg, sidan vi stort sett berre blir overgått av Petronas Towers… Vi lyser turistar der vi går og tviheld på handveskene, og blir fotfulgt inne på butikkane av ivrige ansatte som skal hjelpe/selge.

Dag 2 reiste vi ned til Chinatown og oppdaga eit funn av eit marked. Dette resulterte i endå fleire ervervingar både til eige og andre sitt bruk. Då vi kom ut att var det som om nokon plutseleg skrudde på himmelkrana, og vi prøvde å søke asyl i eit kinesisk tempel. Ettersom troperegnet ikkje ville gi seg, og det også var andre trengande i området, valgte vi heller å bytte til oss to paraplyar mot nokre våte papirlappar. Det hindra likevel ikkje at vi vart skikkeleg søkkvåte, og til slutt ga vi opp og tok drosje tilbake til hotellet. Planen var mellom anna å besøke ein moske, men Kari var ikkje lenger anstendig nok med sine gjennomblaute og gjennomsiktige klede. Difor vart det bollar og brus i loungen i staden, etterfulgt av marine opplevingar i Aquria KLCC. Pluss for ein 90 meter lang tunnel inni eit stort akvarie med hai, skater, ål og andre artige fiskar.

I går stod vi opp tidleg for å få tak i billettar til Skybridgen på Petronas Towers. Denne ligg i 42. etasje, og er slett ikkje halvvegs opp ein gong. Det er jo eit ”must” når ein er her, men vi synest godt dei kunne plassert den endå høgare når dei først har slike tårn. Men det fekk i alle fall hotellet til å sjå lite ut. Vi var også i eit opplevingssenter, som kunne fortelle oss at tårna er 244 x høgare enn Torbjørn, og 251 x Kari si høgd. I går kveld åt vi god middag på hotellrestauranten Gobo Upstairs, og feira at det er 1 år sidan vi forlova oss!

I dag stod Batu Caves for tur. Hulene, som ligg i ei fjellside ca 13 km utanfor Kuala Lumpur, vert brukte som hindutempel. Oppover dei 272 bratte trinna var det ei god blanding av turistar i sveitte skjorter og med kamera på magen , og barføtte hinduar som skulle opp i tempelet for å be. Vi var berre inne i hovudhula, men den var til gjengjeld kjempestor! Langs veggane var det mange alter med gudefigurar. I området bur det også mange apekattar, som var veldig søte, men som Kari var redd sidan alle reiseguidar fortel at kan bite.

I morgon skal vi slappe av, kanskje rusle litt på eit kjøpesenter, og ete middag i KL Tower/Menara Tower, som er eit antennetårn med ein snurrande restaurant, ikkje ulikt Tyholttårnet (bare veeeldig mykje høgare)… Måndag går turen vidare til Maldivene. Vi gler oss!

26. oktober 2008

Turistar i eige fylke

Endeleg ei helg der vi begge har hatt fri! Det er godt, det! Vi har slappa av og kosa oss, sett film, starta så vidt på julegåvene, vore ein svipptur i Romsdalen, og i dag var det klart for litt sightseeing på Sunnmøre. Mannen bak rattet og eg som kartlesar. Mål: Fugleøya Runde. Her hekkar det tusenvis av fuglar- mest kjend er lundefuglen. Sidan det ikkje er hekketid no, fekk vi ikkje sett denne fuglen, men tre ørner som sveva majestetisk i vinden utanfor øya ga oss likevel oppleving av fuglelivet. Øya er også kjend for skipet Akerendam som forliste med ei stor last med gullmyntar i 1725. Eg vart kjend med både lundefuglen og historia om skipsvraket gjennom Sparebanken Møre si barnesatsing "Hjalmar og Joppi" då eg var lita. Hjalmar (bever) og Joppi (lundefugl) var sparebøsser, og dei hadde sin eigen kassett som eg kunne utenat. Kan endå høyre den litt nasale stemma synge "Hei, hei, jeg heter Joppi, og meg kan du putte oppi, kroner to og kroner tre, så skal du snart få se..." Skal finne fram den kassetten neste gong eg er heime. 

Det har vore mykje jobbing i det siste, særleg på Torbjørn. Men vi har noko å sjå fram til også... I desember skal vi nemleg på bryllupsreise! Det store utland står for tur; først skal vi til Kuala Lumpur i Malaysia. Dette verkar som ein veldig spennande by, i ein heilt annan kultur enn det vi er vande med. Så vender vi nasen mot badeparadiset Maldivene, og gler oss til sol, strand og klart vatn med behageleg temperatur. Vi skal reise via London, og stoppar der nokre dagar på veg heim. Retur er 20. desember, så vi rekk jula også:) Gjett om vi gler oss!

28. september 2008

Sunnmørsk engasjement

Endå ei helg er over her i sunnmørsbyen. Torbjørn har slite av endå nokre vakter, og eg har vore husmor. Etter at søndagsmiddagen var blitt kald, varma opp att og fortært, tok vi turen ut til akvariet og såg brenningane slå mot land. Godt å kjenne vinden ruske i håret! Eit spontant innfall seinare satt vi på øvre tribune på Color Line Stadion. Torbjørn er medlem av Heia Bortelaget av Lerkendal, og eg har medfødd sympati for dei dårlegaste, så vi heia begge litt på Aalesund. Og det gjorde dei fleste av dei andre 10500 tilskodarane også. Etter snart to månader i byen, har vi skjønt at folk her er glade i laget sitt. Ingen kan i alle fall skulde dei for å vere medgangssupporterar... Ein 5-åring bak oss, med AaFK-skjerf til knea, fekk oss til å dra på smilebåndet. Han visste ikkje kven som spelte mot kva slags mål, eller kor mange omgangar det var, men ropte "Uuu for Rosenborg" det han var god for. Det gjekk ikkje så bra denne gongen heller, og både 5-åringen og andre måtte gå skuffa heim i regnet. Ingen stor kamp, men vi er imponerte over det sunnmørske engasjementet! Men vi forstår ikkje fascinasjonen over oransje og blått...

5. september 2008

Ålesund









Tida flyg her i sunnmørsbyen, og vi har budd her i ganske nøyaktig 1 månad. Sidan sist har vi skifta folkeregistrert adresse, og komme oss godt i gang på jobb begge to. Eg har skifta namn, og kan no presentere meg som Kari Eline Norvik Nag, noko som er litt uvant sidan det er så nytt, men som eg synest er veldig koseleg. I samband med namneskifte skal eg få meg nytt bankkort, førarkort og pass, og eg har erfart at dette ikkje er like enkelt når ein er i arbeidslivet. Offentlege kontor har ikkje spesielt kundevennlege opningstider... Noko anna eg oppdaga var at det har komme nye reglar, og at det ikkje lenger er lov til å smile på bilete som skal brukast i pass. Har aldri vore meir misfornøgd med eit passbilete!

Heime har vi hengt opp bilete på veggane, skrudd bord, rydda ut av kasser og fått ny sofa. Den obligatoriske turen til Fjellstua med utsikt over byen er unnagjort opptil fleire gonger. Bileta over er teke når vi var her i februar, og gir eit lite representativt inntrykk av korleis vêret har vore til no. Sjølv om vi har hatt regn, har det for det meste vore sol og finvêr. Vi bur midt i sentrum, med kort veg til det meste, unntatt sjukehuset. Men det tek berre 10 minutt å komme seg dit, og vi synest det er ein passande avstand. Då kjennest det ikkje ut som om vi "bur på jobb". Ålesund er kjend for jugendstilen sin, og når ein ruslar rundt i byen får ein sjå mange flotte bygg og fasadar. Unntaket er rådhuset, som ruvar som ein betongkloss midt i sentrum... Litt utanfor sentrum ligg Atlanterhavsparken, eit av Nordens største saltvatnsakvarier. Ålesund har sikkert mykje meir å by på, når vi berre får tid til å utforske litt meir.

I helga går turen til Romsdalen. Rapportane seier at det er modne plommer, pærer og eple, så viss ikkje vinden har blåse ned alt, er vi nok å snart å finne i kvart vårt tre. På vegen heim skal vi innom fotografen for å ordne med bryllupsbileta. Viss nokon har eit blinkskudd eller tre frå bryllupet vårt, hadde vi satt veldig pris på å få ein kopi. Vi har mange gode bilete sjølv, men alltid kjekt å ha fleire:)